
dokumentarisk fotografering
Minner frå Sirdal
Helg etter helg blir gode minner skapte på hytta i Sirdal. Dei små, kvardagslege augneblikka – dei som ofte ikkje blir fotograferte – er kanskje nettopp dei me ynskjer å hugse best.
Eg ønskjer å hjelpe dykk med å fange desse augneblikka og ta vare på dei. Med heile familien framfor kameraet, akkurat slik de er, så kan me saman skape ei personleg og levande hyttebok fylt med gode minner frå Sirdal.
Ei bok de kan bla i, smile av og glede dykk over – år etter år.

02
Kva må me tenkje på?
Før fotograferinga tek me ein prat på telefon om korleis de ønskjer at dagen skal vere, kva de likar å gjere saman, og kva små kvardagsaugneblikk som betyr noko for akkurat dykkar familie.
Og når då dagen kjem er det viktigaste at de berre skal ha det hyggeleg saman!

04
Kva er inkludert?
Både fotograferinga, slideshow med bileta, digitalt biletegalleri og det viktigaste - eit nydeleg håndlaga fotoalbum med dykkar favorittbilete! For det er nettopp det viktigaste med denne fotograferinga, å samle bileta i ein fysisk album som borna kan bla i og sjå tilbake på gode minner slik dei vert hugsa enno betre.
01
Korleis foregår det?
Fotograferinga er dokumentarisk, noko som betyr at me prøver å fange dykk slik de faktisk er. I staden for at borna skal måtte sitje stille og smile til kameraet, får dei leike, utforske og vere seg sjølve.
Eg fotograferer dei små og store augneblikka som oppstår naturleg gjennom tida me har i lag – latteren, leiken, dei gode klemmane og dei heilt kvardagslege stundene. Det er ofte nettopp desse augneblikka som blir dei finaste minna å sjå tilbake på.
Sjølvsagt set me også av tid til nokre oppstilte familiebilete. Bilete som passar perfekt på veggen på hytta, og som samstundes gir dykk eit fint minne av heile familien samla.

03
Kor lenge varar fotograferinga?
Eg blir med dykk nokre timar ein helgedag på hytta i Sirdal og fotograferer det som skjer heilt naturleg. Kanskje de lagar frukost, spelar eit spel, tek ein tur ut, leikar, fyrer i peisen eller berre nyt tida saman.
Målet er å fange det som gjer hyttelivet i Sirdal så spesielt for dykk – dei små stundene, dei store smila og dei gode augneblikka borna kjem til å hugse. Både ute og inne, i leik og ro.
De treng ikkje å prestere framfor kameraet. De skal berre vere saman – så tek eg meg av resten.


Totalt kr 13 000,- for
- 2-3 timar fotografering
- Bileteredigering
- Slideshow med alle bileta (verdi kr 500,-)
- Alle bileta digitalt i webfiler (verdi kr 5000,-)
- Alle favorittane samla i nydeleg håndlaga "lay-flat" album med tredetaljar og printa på kvalitets fotopapir
(18 sider 20 x 20 cm) (verdi kr 9600,-)
05








