top of page
Barnefotografering_JBNedlandFoto-42.jpg

 Ting du kanskje lurar på?

Steg for steg

1.

Interessert i fotografering? 

Sjå gjennom galleria her på sida eller instagram for å sjå om du likar stilen. Ta deretter kontakt via kontaktskjemaet.

2.

Etter henvendinga er sendt, tek eg raskt kontakt og me avtalar dato for fotograferinga og du får ei kontrakt for å signere slik datoen vert holdt av.

3.

Sjølve fotograferinga vert gjennomført!

Etterpå mottek du eit digitalt visningsgalleri der du kan velje dine favorittar i fred og ro heime. 

4.

Når du har gjort ditt utval kan du enkelt bestille produkt eller digitale filer i nettbutikken. Ved produkt vert dette spesiallaga og levert om ca 1 månad.

Kven er fotografen?

​Fotografen heiter Janne Britt Nedland og er småbarnsmamma til 2 gode jenter. Har nyleg flytta "heim att" til Øvre Sirdal, men er ofte nedover til Rogaland med kameraet og hjelper deg gjerne med å få fanga nokre flotte augeblikk! ​Det å dokumentere dei små etterkvert som dei veks og pause litt tida me har her og no, for å betre kunne minnast sjølv, men òg i lag med borna, har eg veldig lyst til å hjelpe deg med! For kor fort gløymer me ikkje, eller er det berre meg? Og då er bilete noko av det kjæraste me har.  Eg ELSKAR å ta bilete utandørs i naturen av born og familier som leikar og kosar seg! Her kan dei springe fritt å utforske det som er. Men kan også gjerne kome heim til deg om det skulle vera ønskeleg i forbindelse med nyfødt foto for eksempel.  PS: Er også tilgjengelig for andre fotograferingar enn born og familie, berre ta kontakt om du lurar på noko!

Kva skjer etter eg har sendt forespørsel?

Ved bruk av kontaktskjemaet på heimesida eller Instagram/Facebook får du svar som regel innan 1-2 dagar.  Då vil du fyrst få svar på eventuelle spørsmål og dersom du ynskjer å booke meg til å fotografere får du eit spørreskjema og litt meir skriftleg informasjon. Etter me er einige om tidspunkt mottek du ein skriftleg kontrakt. Denne, i tillegg til ein eventuell samtykkeerklæring, vert tilgjengeleg via ein digital kundeportal. Kontrakta treng eg underskreven for å halde av datoen til nettopp dykk.

Kva skjer frå a til å på fotograferinga?

1 FØR FOTOGRAFERINGA Du tek kontakt via kontaktskjemaet eller med ei melding om kva du ynskjer. Så får du litt meir informasjon og me avklarer litt fleire detaljar før du mottek ein kontrakt om du ynskjer å booke meg som fotograf. Sjå gjerne gjennom allereie no på dei aktuelle produkta eg tilbyr for å lettare sjå kva som kan passe inn på veggen heime hos deg :)  2 SJØLVE DAGEN Me møter opp på avtalt plass og vil normalt sett ganske fort kome i gong med fotograferinga. Ved familie og barnefotograferingar vil eg alltid ta det i borna sitt tempo. Ikkje alle er heilt klare med ei gong, mens andre gler seg som berre det.  Målet er at dykk skal slappe mest mogleg av og ha det gøy! 3 ETTER FOTOGRAFERINGA Du får dei beste bileta tilgjengelig via eit digitalt galleri der du kan sjå igjennom heime i ro og mak. Kva er vel kjekkare å samle familien i sofaen å sjå tilbake på bileta frå dagen i lag? ​Du vel så dei bileta du er mest nøgd med og gjer deretter beskjed til meg at ein er klar med val av bilete og/eller produkt. ​Som fotograf vil eg alltid gjere mitt ytterste for at me saman får ei flott fotografering, og med det mange kjekke bilete til å sjå tilbake på som eit minne på veggen eller eit flott album ein vil sjå igjen og igjen i!

Det kan vera lurt å forbereda barnet/borna på best mogleg måte, forklare litt at eg (Janne Britt) skal ta litt bilete seinare denne veka osv. og at det vert gøy! Og sjølvsagt prøve å velje ei tid der dei er mest utkvilte. ​Litt raskt etandes snacks kan og vera smart å ha med som ein etter kvart kan ta fram dersom behov, gjerne mot slutten (slik at ikkje dette vert hovedfokus for bornet). I likhet med kosebamsar og tutt, men helst ikkje før me har tatt fleire bilete utan slik at ein får litt variasjon. Men er absolutt koseleg å ha med favorittbamsen f.eks. på nokre bilete. Ellers har eg nokre ulike treleker som kan vera nytt og spennande å utforska og tek seg fint ut på bilete.

NC8A5134.jpg

kva bør me tenke på i forkant?

JBNedlandFoto_20221003_103.jpg

korleis får ein bileta?

I etterkant av fotograferinga mottek du ein link til eit digitalt galleri der alle bileta er tilgjengeleg for gjennomsyn. Bileta må ein kjøpe utanom fotograferingsprisen og det er då bileteprodukt eller digitale filer som kan vera mogleg å kjøpe i etterkant. Dette kan ein enkelt sjå eit utval av i den digitale nettbutikken, eller me kan gjennomgå det via ein bestillingstime eller anna. Ved å bestille flotte bileteprodukt får ein også med ein digital versjon til å sende til familie, vener, takkekort, julekort.

kva inneber bestilling av bileteprodukt?

Ved å først gå til fotograf er det å få bileta på eit kvalitetsprodukt i etterkant absolutt ei god investering. Det å få bileta opp på veggen er jo det som er verdt alle kronene etter mi meining, og vil berre auke i verdi med åra! ​Eg brukar kun norske leverandørar som lagar toppkvalitet og garanterar lang levetid. Ved å bestille produkter gjennom meg veit du og at fargegjengivinga vert heilt optimal kontra andre leverandørar.

korleis gjer ein eit utval?

Via det digitale galleriet kan ein enkelt trykke på sine favorittar. Eg tilbyr bestillingstime i etterkant dersom dette er ønskeleg. På grunn av ein ofte travel kvardag for kanskje begge partar, så har eg også ei "bestillingsveke". Dette inneber at du i ro og mak kan setje deg ned heime å gjere eit utval av dine favorittar til produktbestilling eller digital bestilling. Men det er sjølvsagt berre å spørje om tips til produkt!

Kor lang tid tek det før me får sjå bileta?

Etter ei fotografering er det sjeldan eg klarar å halde meg lenge vekke frå å gå igjennom bileta og starte å redigera! Det er alltid gøy å sjå resultatet både for meg som fotograf og dykk som har blitt fotografert! Så her prøver eg å vera så rask som mogleg med redigeringa, men du vil alltid ha mottatt dei innen 2 veker! Her anbefaler eg at du ikkje åpner dei med ei gong der du er, men at du heller set deg ned saman med familien på kvelden, koblar mobilen/dataen til fjernsynet og gjer ei hyggeleg stund av det då ein alltid får eit slideshow med musikk som ein kan sjå igjennom fyrst.

Eg tek eit utval etter fotograferinga og går vidare med dei bileta som er best. Og ut ifrå desse får du sjå alle redigerte før ein sjølv gjer eit utval gjennom eit digitalt galleri.​ Normalt sett kan eit galleri vere på 40-100 bilete. Det digitale galleriet har ein tilgang til fram til årsskiftet i etterkant av fotograferinga og ein kan også dele dette med andre om ein ynskjer, men her har alle bileta vannmerke på.

Får me sjå alle bileta som vert tatt?

DSC04815.jpg

kva med deling av bilete på internett?

I babyen sitt tempo og med dens sikkerhet i fokus! Her bør du helst bestille time med ei gong du veit termindato slik at eg kan sette av tid i kalenderen, dette då fotograferinga som regel gjeng best når bornet er mellom 4-10 dagar og søv tungt. Men det er aldri for seint! ​​ Eg har nokre props (tepper, hårbånd, luer) som kan lånast om ein ynskjer det. Her avtalar me gjerne på forhånd litt favoritt fargar slik at eg kan ha klart litt når dykk kjem eller eg kan ta med heim til dykk. Det er ellers berre å kome med eigne ynskje om klede, ting ein ynskjer å ha med på bileta som kan ha stor verdi for dykk. Eg elskar når det vert meir personleg f.eks. med heimestrikka tepper eller klede, bamsar babyen har fått osv.

Dersom du ikkje ynskjer at eg skal legge ut bileta er det ingen problem! Dette avklarar me anten i starten eller når bileta er mottekne. Eg set sjølvsagt stor pris på det dersom du ynskjer dette med tanke på vidare markedsføring, men dette skal vera, og er, heilt opp til foreldra! Ei samtykkeerklæring kan og alltids trekkast tilbake. Det er derimot eg som fotograf som eig rettigheta til bileta og eg kan difor ha behov for å bruke nokre av bileta i privat markedsføring for å vise bileteprodukt eventuelt til bruk i konkurransar.  Om ein derimot ikkje har noko i mot deling på internett og sjølv ynskjer å dela dei i sosiale medier må ein alltid hugse på å merke bileta med @jbnedlandfoto. Og husk, alle digitale bilete er kun til privat bruk og kan ikkje endrast på :)

kan ein ha med kjæledyr på bileta?

​Ja takk! Alltid kjekt å hilsa på dei firbeinte. Berre å gje beskjed om det er ønskeleg slik at eg er klar over det!

korleis fungerar nyfødtfotografering?

DSC01696.jpg

Kva slags klede bør me velgje?

Her får ein litt tips i eit infoskriv i forhold til fargekombinasjonar om ein er fleire som skal fotograferast saman. Det har mykje å seie for korleis bileta vert at det ikkje er klede med for mykje variasjon av sterke fargar eller mønster, og for å ikkje ta for mykje fokus frå dei som skal fotograferast. Ved barnefotografering kan det vera greit med to eller tre sett med klede, eventuelt berre mogleg å gjera små justeringar for å få eit meir variert utval av bilete. Jo meir personleg og komfortabelt det er for dykk som vert fotografert, jo betre. Strikkeklede ein har fått i gåve eller strikka sjølve er alltid fint på borna. Og innandørs kan det vera fint med å ha bare armar og bein på dei små. Og du, ikkje gløym å tenke på skoa utandørs!

kva om det er meldt stygt vær osv.?

Då finn me enkelt og greit ein anna dag som passar så snart som mogleg, ingen problem.​

Kva er den totale kostnaden?

Ein total kostnad når du går til fotograf startar ofte på rundt 10 000 kroner. La meg hjelpe deg å finne flotte produkt å vise fram bileta av dine kjære på og som ein vil sette stor pris på kvar dag! Bileteprodukta eg tilbyr er frå ein norsk leverandør og er av høg kvalitet. Desse er kun tilgjengeleg for fotografar og eg vil med hånda på hjerte seie at det er verdt kvar ei krone! Ein kan sjølvsagt også gjera det digitalt og kun bestille digitale bilete. Antal bilete ein ynskjer kan ein velje etter alle bileta er sett igjennom.  (PS: Ved bestilling av bileteprodukt hos meg får du óg med ein digital versjon av bileta til bruk på takkekort eller sosiale medier!)

kva med betaling?

Faktura for fotograferinga mottek du når kontrakten vert signert. Når denne er betalt vert datoen holdt av. Dersom du ynskjer bileteprodukter kjem dette på ein eigen faktura i etterkant av at du har mottatt bileta og gjort ditt utval. Du kan på produktbestilling velgje å dela opp betalinga i 2 omganger om ønskeleg.

bottom of page